Rise er med
Reinsdyret fornyer
Bendik Rise har forlenga sin avtale og blir med også i 2025. Første oppgåve var å skrive sin egen signeringsartikkel. Takk for tilliten.
Skrive av Bendik Rise:
Hurtigtoget frå Ulsteinvik blir med vidare og er klar for OBOS-ligaen i 2025. Med det snører han på seg skoa til sin ellevte sesong med A-lagsfotball, og sin fjerde i Skeid.
-Eg gler meg til å ta fatt på ein ny sesong med Skeid. At samarbeidet held fram skal Vilde ha stor del av æra for etter å ha gjort ein kjempejobb med laget i 2024, seier Rise.
Nevnte Vilde skjønte etter kvart også at det budde mål i Ulsteinvikingen, sjølv om det var ein noko skeptisk hovudtrenar som plasserte Rise i ei offensiv rolle i pre-season. Sistnemnde takka for tilliten og vart også toppscorar i årets sesong.
-Forhåpentligvis kan eg og laget bygge vidare på ein god sesong, sjølv om eg har vore litt plaga av skader. No føler eg uansett at eg er på rett veg og skal bite godt frå meg i OBOS-ligaen, seier han.
Vilde er nok fornøgd med signeringa, men har foreløpig ikkje svart underteikna sitt spørsmål. Eit tenkt sitat kan likevel vere som følger:
-Det er stort å få med Bendik vidare. Han er ein viktig spelar for oss og er også utruleg artig. Han er ein av dei artigaste eg har møtt faktisk. I tillegg er han ein allsidig spelar som kan spele spele i dei fleste posisjonar - til og med som keeper der han har vikariert med bravur i vinter.
I den uoffisielle kåringa av Norges beste sunnmøring, finn vi Rise på ein sjetteplass bak namn som Åge Hareide, Karsten Warholm, Edvard Moser og Steffen Moltu. Berit Riise er noko kontroversielt den siste på lista, sjølv om ho eigentleg ikkje er frå Sunnmøre (red. mrk. denne kåringen er laget av Bendik Rise).
-Eg er veldig glad for at vi klarer å lande den sjette beste sunnmøringen i landet. Det tyder på eit bra Skeidår i vente, seier daglig leiar Daniel Strand.
God jul og godt nytt Skeid-år!